|
|
|
1942 |
|
|
januar |
Henry Rinnan vervar tre agentar på Dahls kafé på Steinkjer: Bjarne Jenshus, Ragnhild Strøm og Ingvar Aalberg. |
|
februar |
Bjarne Jenshus og Ingvar Aalberg infiltrerer flyktningtrafikken i Ålesund. Ragnhild Strøm fungerer som kurer mellom desse to og Rinnan. |
|
21.-23. februar |
Tyskarane gjennomfører arrestasjonar i Ålesund-distriktet, i alt 52 personar. 22 av desse dødde i fangenskap. |
|
27. februar |
Sicherheitsdienst (SD) gir Henry Rinnan i oppgåve å etablere ei permanent etterretningsgruppe. |
(1) |
|
SD gir den nye organisasjonen namnet Sonderabteilung Lola.
|
|
11. mars |
Inga Lerfald sluttar som hushjelp på Steinkjer og flyttar inn i Brattørgata 12 b i Trondheim for å fungere som hushjelp og kontordame i det nye hovudkvarteret.. |
|
mars |
Ingvar Aalberg og Hans Berg Svendsen har mislykka oppdrag i Glomfjord og Kristansund. På heimvegen frå det siste blir Aalberg kjent med Ildri L. som han innleier eit forhold til. |
|
mars-april |
Ragnhild Strøm gjennomfører to reiser til Bodø. Under den første skaffar ho kontakt med ein sjømann frå hurtigruteskipet DS «Kong Harald». Dette fører til at det blir oppretta ein negativ organisasjon om bord. |
mai |
Sonderabteilung Lola etterforskar ein sabotasjeaksjon mot Thamshavnbanen ved Orkanger. Aktive agentar er Ingvar Aalberg, Aksel Mære, Einar Lerfald, Inga Lerfald og Ingeborg Schjevik. Etterforskinga er resultatlaus. |
(2) |
|
Ragnhild Strøm og Marie Arentz reiser med DS «Kong Harald» til Bergen. Dette fører til at det blir danna ein negativ organisasjon i Tromsø. |
|
|
Ivar Grande blir nestkommanderande i Sonderabteilung Lola. |
|
mai-juni |
Ingvar Aalberg er i Molde i lag med Ildri L. Gjennom sommaren blir det sendt omkring 10 flyktningar frå Romsdal til Sverige med hjelp frå den falske «Heimefronten» i Trondheim. Somme når fram, andre blir arresterte av Gestapo. |
|
juni |
Kitty Lorange (seinare Kitty Grande) blir verva som agent. Gjennom det neste halvåret blir leiligheita hennes i femte etasje i Erling Skakkes gate 52 ofte brukt når Henry Rinnan skal ha møte med negative agentar. |
|
|
Karin Dillner Olsson blir verva av ein gammel kjenning frå Nasjonal Samlings Ungdomsfylking, Karl Dolmen. |
|
16.-17. juni |
Kitty Lorange gjer eit mislykka forsøk på å verve ein negativ agent i Meråker. |
|
juni |
Inga Lerfald reiser til Tromsø. To av dei negative agentane i Tromsø kjem til Trondheim for å ha møte med «heimefronleiinga» hos Kitty Lorange i Erling Skakkes gate 52. |
|
sommaren |
I eit par månader arbeider Ildri L. i Brattørgata 12 b som kontordame. Ho blir også prøvd som reisande agent, men får snart slutte i Sonderabteilung Lola. |
|
|
Først Ingvar Aalberg og seinare Inga Lerfald (som «Inga Wickstrøm») startar infiltrasjonsarbeidet i Vikna i Ytre Namdal. |
|
juli |
Under dekknamnet «Torbjørn Haugan» får Ivar Grande kontakt med brørne Rudolf og Johannes Rosten i Grong i Namdalen. |
|
august |
Karin Dillner Olsson reiser til Molde for å kontakte motstandsmannen Thoralf Berg. |
|
15. august |
Thoralf Berg blir arrestert utafor leiligheita til Kitty Lorange i Erling Skakkes gate 52. 16. februar 1943 blir han avretta i Falstadskogen. |
|
august |
På hurtigruta møter Ivar Grande Johanne Kleve frå Molde. |
|
3. september |
Ivar Grande besøker søstrene Johanne og Solveig Kleve i Molde. I ei hytte utafor byen får dei møte «heimefrontleiaren Bjarne Asp», altså Henry Rinnan. |
|
4. september |
Under ein rassia i Molde blir drygt 30 personar blir arresterte. Medlemmane av Sonderabteilung Lola held fast på illusjonen om at dei er motstandsmenn. |
|
6. september |
Tyskarane gjennomfører rassia i Grane sør for Mosjøen, delvis på grunnlag av informasjon samla inn av Sonderabteilung Lola. På småbruket Tangen ved Majavatnet opnar norske kommandosoldatar eld og fleire tyskarar blir drepne. |
(3) |
september |
Solveig Kleve blir verva som negativ agent og går inn i eit forhold til det ho trur er heimefrontleiaren «Bjarne Asp». |
|
|
Sist i september reiser Kitty Lorange til Tromsø under namnet «Gerd Engan». På vegen sørover har ho med seg tre negative agentar. Dette er første gongen Henry Rinnan bruker Innherredsveien 125 som møtestad, huset som er eigd av Olga Marie Sørensen, mor til Kitty Lorange. Ivar Grande leigde eit rom her etter at han hausten før vart skild på grunn av eit forhold til Kitty Lorange. |
|
6. oktober |
På bakgrunn av hendingane ved Majavatnet og sabotasjeaksjonar i Glomfjord og Malm, erklærer den øvste tyske sjefen i Norge, Reichskommissar Josef Terboven, unntakstilstand i store delar av Trøndelag og i Grane. Same dag blir ti tilfeldige personar plukka ut og skotne som sonoffer. Når unntakstilstanden blir oppheva 12. oktober, er i alt 34 personar avretta. 23 av dei kom frå Grane og nabokommunane. |
|
oktober |
Sist i oktober flyttar Solveig Kleve til Trondheim. |
|
november |
Karin Dillner Olsson reiser til Stockholm for å besøke faren. Her gjer ho eit mislykka forsøk på å inflitrere det norske eksilmiljøet. |
|
|
Under namnet «Olav Wist» har Henry Rinnan møte med den kommunistisk orienterte motstandsrørsla i Oslo. Kontakten er oppretta gjennom Rudolf Rosten i Grong. |
|
25. november |
Jødinna Else Sørensen reiser frå Oslo dagen før troppetransportskipet Donau går til Tyskland med norske 532 jødar om bord. NKP-miljøet i Oslo har gjort ein avtale om at organisasjonen til «Olav Wist» skal hjelpe henne over grensa. |
|
30. november |
To av sjømennene frå DS «Kong Harald», Jon Mikkelsen og Kåre Hauge, blir arresterte i Innherredsveien 125. Dette er første gong medlemmar av Sonderabteilung Lola er direkte involverte i arrestasjonar. |
|
1. desember |
Else Sørensen er framme i Gäddede på svensk side av grensa. Dette gjer NKP-miljøet i Oslo trygge på at «Olav Wist» er ein bra mann. |
|
9. desember |
Lola-agenten Marino Nilsson blir likvidert av Karl Dolmen og Arild Hjulstad Østby. |
|
26. desember |
Lola-agenten Bjarne Kristensen blir likvidert av Ivar Grande, Karl Dolmen og Arild Hjulstad Østby. |
|
26. desember |
Over tid har det bygd seg opp ein konflikt mellom Kitty Lorange og Henry Rinnan. Andre juledag blir ho arrestert i Oslo og plassert i fangeleiren på Grini. Påtrykk frå den tidligare elskaren Ivar Grande gjer at ho unngår likvidering. 15. februar 1943 blir Kitty Lorange sendt til kvinneleiren Ravensbrück i Tyskland som Nacht und Nebel-fange. |
|
27. september |
Jødinna Margot Cappelen kjem til Trondheim frå Oslo, også ho etter avtale mellom NKP-miljøet og «Olav Wist». Etter nokre dagar blir ho transportert over svenskegrensa. |
|
januar |
Milorg-mannen Torvald Moe frå Vikna har reagert på at det opererer parallelle motstandsorganisasjonar i Namdalen. Han får oppgitt Kitty Lorange i Trondheim som kontaktperson. I femte etasje i Erling Skakkes gate 52 er det ingen heime, men Moe får grunn til mistanke om at fru Lorange har kontakt med tyskarane. |
|
|
NKP-miljøet i Oslo sender Eli Aanjesen til Trondheim for å ha samtalar med «Olav Wist». I dagane som følgjer blir det oppretta kontakt mellom Sonderabteilung Lola og den venstreorienterte delen av motstandsrørsla i Trondheim ved den militære leiaren Arne Lund. |
|
januar |
Torvald Moe har to møte med «Olav Wist» i Brattørgata 12 b. Han blir overbevist om at «Wist» er ein ekte motstandsleiar. |
|
15. januar |
Torvald Moe blir arrestert heime i Vikna mistenkt for å ha radio og våpen i huset. Han blir frakta til Trondheim. |
|
20. januar |
Etter ei tid med mistanke om at noko er gale, bryt gruppa til Arne Lund kontakten med «Olav Wist». Organisasjonen i Oslo oppfattar enno «Wist» som ein mann dei kan stole på. |
|
22. januar |
I ein dramatisk aksjon ved Vollan kretsfengsel blir Torvald Moe sett fri av «Olav Wist» og mennene hans. Dette gir Moe full tillit til «Wist». Det blir ordna transport til Sverige av Torvald Moe og familien hans. «Olav Wist» tar kontrollen over organisasjonen i Vikna. |
|
4. februar |
Torvald Moe passerer grensa. På toget på svensk side møter han Arne Lund. No får Moe det første hintet om at han er ført bak lyset. Utover vinteren og våren fører grundige avhør av Moe i Stockholm og London til at norsk etterretning får eit litt klårare bilde av omfanget av aktiviteten til Rinnanbanden. |
|
|
|
|
Neste: |
Etterretning og tortur. Frå februar 1943 til oktober 1943. |
|
|
|
|