Rinnanbanden
Medlemmar
Andre aktørar
Geografi
Historie
• 1915-40 • 1940-41 • 1942-43 • 1943 • 1943-44 • 1944-45 • 1945-
Dommen
Kjelder
«Hvad enhver NS-mann bør vite»
Ansvarlig for sida: Idar Lind
|
Etterretning, tortur og drap
Frå oktober 1943 til mai 1944
|
|
|
1943 |
|
|
7. oktober |
Anne-Marie Kleve begynner i klasse 2A ved Berg skole. Heimeadressa hennes er Jonsvannsveien 46 |
|
|
Om kvelden gjer motstandsrørsla eit forsøk på å likvidere Henry Rinnan utafor heimen hans i Landstads vei 1. Karl Dolmen blir alvorlig skadd. Dette utløyser ein lang periode med arrestasjonar og tortur. |
|
14. oktober |
Ei pakke med ei bombe blir levert i Innherredsveien 125, meint for Ivar Grande, men likvideringsforsøket blir oppdaga. |
|
15. oktober |
Carsten Wærdahl blir arrestert på open gate og torturert i Jonsvannsveien 46. Han hadde tatt over leiinga av den venstreorienterte motstandsrørsla i Trondheim etter at Henry Thingstad vart tatt i februar. Arrestasjonen av Wærdahl er starten på «den tredje kommunistsaka». I vekene som kjem blir drygt tretti arresterte. |
|
23. oktober |
Gestapo og Rinnanbanden arresterer sju NKP-medlemmar på Ler sør for Trondheim. Arne Johansen blir alvorlig såra av skott frå Henry Rinnan. |
|
6. november |
I ei proformarettssak blir ni personar dømte til døden. Arne Johansen dør av skottskadar før avrettinga. |
|
17. november |
Åtte personar blir avretta på Kristiansten festning. Ti andre frå «den andre kommunistsaka» mistar seinare livet i tysk fangenskap. |
(1) |
18. november |
Odd Wullum, medlem av Wærdahl-gruppa, er på veg mot svenskegrensa. Sjåføren i fluktbilen er Gestapo-agenten Karl Adding. Bilen blir stoppa av tyske soldatar og Odd Wullum drepen. |
|
hausten |
Det blir begynt opplæring av radiotelegrafistar i Sonderabteilung Lola. |
|
14. desember |
Edel Sødahl og Johnny Pevik blir torturerte i Jonsvannsveien 46. |
|
16. desember |
Henry Wist blir det første dødsofferet i Jonsvannsveien 46, han dør etter tortur. |
|
desember |
Alfred Herje dør (trulig i fengslet på Vollan) etter tortur i Jonsvannsveien 46. |
|
26. desember |
Etter skott mot huset der familien til Finn Hoff bur, sender Henry Rinnan fire mann ut for å finne ein tilfeldig person å banke opp. Finn Hoff og Karl Dolmen slår i hel Per Swensson i bakken ved Bispehaugen skole. Harry Hofstad og Per Wiik er ikkje med på sjølve drapet. |
|
1944 |
|
|
|
På nyåret sluttar Per Wiik i Sonderabteilung Lola. |
|
mars |
Arne Eldøen tar over drifta av Kleset i Selbu. Til dels blir garden brukt som base for Sonderabteilung Lola. |
|
mai |
Henry Rinnan tar i bruk firmaet Trøndersalg som kamuflasje for delar av aktiviteten. |
|
14. mai |
Medlemmar av Rinnanbanden er med på å organisere flukt frå Frøya med MK «Gangar». Mellom dei 22 flyktningane som reiser til Shetland er også bror til Randi Ruø. Ein månads tid seinare vervar Rinnan-agenten Joralf Borgan henne som negativ agent og får henne til å ta over ansvaret for motstandsarbeidet i området. |
|
|
|
|
|
|
|
Neste: |
Etterretning, tortur, drap og militære aksjonar. Frå mai 1944 til mai 1945. |
|
|
|
|
Notar
1) Avretta 17.11.1943: Gustav Andersen, Arvid Austad, Odd Christensen, Oskar Hoddø, Øystein Langset, Kolbjørn Andreas Wiggen, Carsten Wærdahl og Reidar Wærdahl. Oskar Hoddø vart arrestert uavhengig av aksjonen mot Wærdahl-gruppa.
Av andre som vart arresterte i den same bølgja, dødde desse i tysk fangenskap: Johan Reitan (18.1.1944), Karl Lundin (2.6.1944), John A. Eggen (15.6.1944), Kristian Sognli (9.8.1944), Otto Michaelsen (8.9.1944), Bjarne Postvik (4.1.1945), Øyvind Johansen (11.1.1944), Thomas Eggen (20.1.1945), Eilif Solheim (31.1.1945) og Odd Arnfinsen (22.2.1945).
Lenker frå denne sida: Anne-Marie Kleve Carsten Wærdahl Den tredje kommunistsaka Edel Sødahl Etterretning, tortur, drap og militære aksjonar. Frå mai 1944 til mai 1945. Finn Hoff Harry Hofstad Henry Rinnan Henry Thingstad Innherredsveien 125 Ivar Grande Johnny Pevik Jonsvannsveien 46 Jonsvannsveien 46 Joralf Borgan Karl Adding Karl Dolmen Landstads vei 1 Negativ agent Otto Michaelsen Per Wiik Randi Ruø Selbu Trøndersalg
|