Rinnanbanden
Medlemmar
Andre aktørar
Geografi
Historie
• 1915-40 • 1940-41 • 1942-43 • 1943 • 1943-44 • 1944-45 • 1945-
Dommen
Kjelder
«Hvad enhver NS-mann bør vite»
Ansvarlig for sida: Idar Lind
|
V-mann 1, Lola
Frå juni 1940 til årsskiftet 1941-42
|
|
|
1940 |
|
|
24. juni |
Henry Rinnan er i selskap hos bilforhandlar Ernst Parow som han har arbeidd for. Her møter han Gestapo-sjefen Gerhard Stübs. |
1 |
27. juni |
Rinnan blir verva som Gestapo-agent av Stübs og får agentnummeret 1 og dekknamnet Lola. Den tyske etterretningstenesta Sicherheitsdienst har hovudkvarteret sitt i Hotel Phoenix ved torget. Her får «V-mann 1» eit rom der han bur når han er i Trondheim. Etter ei tid flyttar han over Munkegata til ein hybel i murgården kalla «Munken». |
2 |
1. juni |
Den eldste dottera til Klara og Henry Rinnan blir fødd. Frå før hadde dei ein son fødd i 1936. |
|
hausten |
På veg gjennom Sparbu møter Rinnan Aksel Mære som han så vidt kjenner frå før. Mære blir informant. |
|
25. september |
Alle andre parti enn Nasjonal Samling blir forbode. |
|
1941 |
|
|
august |
Henry Rinnan flyttar inn i Landstads vei 1 på Rosenborg i Trondheim i lag med ektefellen Klara og dei to ungane. |
|
okt.-nov. |
Mellom femti og seksti personar blir arresterte etter at Rinnan under dekknamnet «Fiskvik» har infiltrert ei venstreorientert motstandsgruppe i det tyskarane kalla «den første kommunistsaka». |
3 |
hausten |
Motstandsrørsla gjer tre forsøk på å likvidere Rinnan. |
|
desember |
Den regionale SD-sjefen Gerhard Flesch gir Henry Rinnan i oppgåve å infiltrere flyktningtrafikken på Sunnmøre. Rinnan engasjerer den første agenten sin, Johannes H., men han vervar seg til frontteneste i mellomjula. |
4 |
|
|
|
Neste: |
Etterretning. Frå januar 1942 til februar 1943. |
|
|
|
|
Notar
1) Kjelde for datoane 24. og 27. juni er Henry Rinnan sjøl (Per Hansson: Hvem var Henry Rinnan? 1972 s. 48 ff; Adresseavisen 5.6.1945).
2) Det er ein utbreidd myte at agentnamnet Lola vart vald med utgangspunkt i kjælenamnet til elskarinna til gestapooffiseren Walter Gemmecke. Ruth Rognes vart kalla Lu, med tysk uttale Lo, men ho begynte ikkje å arbeide for Sicherheitsdienst før 1.10.1941. Det var Gemmecke som skaffa henne jobben, men dei møttest neppe så tidlig som i 1940. Henry Rinnan vart ikkje underlagt Gemmecke før i 1942.
3) Meir informasjon på nettsidene til NKP Midt-Norge.
4) I eit manuskript gjengitt i boka Rinnans testamente (Flyum/Slettebakk Wangen 2007) hevda Rinnan at det var Heinrich Fehlis, sjefen for Sipo og SD i Norge, som gav ordre om at han skulle engasjere seg i Ålesund. I andre kjelder er det ikkje grunnlag for denne påstanden.
Lenker frå denne sida: «den første kommunistsaka» Aksel Mære Etterretning. Frå januar 1942 til februar 1943. Henry Rinnan Hotel Phoenix Johannes H Landstads vei 1 NKP Midt-Norge Nasjonal Samling Ruth Rognes Sicherheitsdienst Walter Gemmecke Ålesund
|