|
|
|
1944 |
|
|
14. mai |
400 mann frå den tyske hæren, marinen og sikkerheitspolitiet gjennomfører ein rassia i Lurøy kommune på Helgeland. Dette er den første militære aksjonen der agentar frå Sonderabteilung Lola er med i tysk uniform som det Henry Rinnan kalla aksjonsmenn. |
(1) |
27. mai |
Minst 7 frå Sonderabteilung Lola er med når store tyske styrkar gjennomførte ein rassia i fleire kommunar på Fosenhalvøya. Joralf Borgan er ansvarlig for mishandling som fører til at heradskasseraren Erling Nilsen dør natt til første pinsedag. |
(2) |
3. juni |
Kitty Lorange og Ivar Grande giftar seg i Nidarosdomen. |
|
4. juni |
Den første i ein serie arrestasjonar som rammar etterretningsorganisasjonen XU i Trondheimsområdet. |
(3) |
6. juni |
Den allierte invasjonen i Normandie startar. |
|
9. juni |
I ei skottveksling i fjella sør for Mosjøen blir tre motstandsmenn drepne, ein av dei politimannen Sigurd Rivrud som i ein kort periode våren 1945 skulle bli tilsett i Sonderabteilung Lola. |
|
18. juli |
Bandemedlemmen Joralf Borgan blir likvidert i Jonsvannsveien 46 av Henry Rinnan og Karl Dolmen. Bakgrunnen var at det hadde utvikla seg ein intern opposisjon mot Rinnan. |
|
september |
Konflikt mellom Henry Rinnan og Ivar Grande er bakgrunnen for at Grande blir overført til Ålesund. Karl Dolmen tar over som nestkommanderande. |
|
|
Randi Ruø frå Frøya blir verva som negativ agent av Henry Rinnan. |
|
7. september |
Operasjon Seehund startar i Vikna. Omkring 60 blir arresterte. |
|
20. september |
Under Seehund II i Vikna blir drygt 40 arresterte. Bugge og Berge Langø, far og son, blir skotne på den vesle Gardsøya vest mot havet. Henry Rinnan, Karl Dolmen og Finn Hoff er til stades. Det er også fangen Harald Henrikø som tre dagar seinare dør i Misjonshotellet i Trondheim. |
|
|
Seehund-aksjonen avsluttar perioden der Sonderabteilung Lola kontrollerer Milorg-gruppa som Torvald Moe bygde opp i Vikna |
|
oktober |
Snart ni år gamle Anne-Marie Kleve flyttar ut frå Jonsvannsveien 46 og heim til Molde. |
|
|
Solveig Kleve blir kjærast med den ferske Lola-agenten Hans Egeberg. |
|
26. oktober |
Motstandsmannen Ragnvald Rian blir likvidert i St. Jørgensveita i Trondheim av Henry Rinnan, Per Bergeen og/eller ein tysk sjåfør. (Alle la skylda på alle.) |
|
28. november |
Gjennom Randi Ruø blir Rolf Rinnan plassert som telegrafist på øya Uttian ved Frøya under namnet Sigmund Hegdahl. Dette blir berre gjort for å bygge opp under illusjonen om at det er ekte motstandsarbeid Randi Ruø er med på. |
|
desember |
Randi Ruø flyttar til Trondheim og bygger her opp ei lita motstandsgruppe. Alle rapportar går til «Secret Service-agenten» Henry Rinnan. |
|
11. desember |
Ivar Grande blir likvidert av Heimefronten i Ålesund. |
|
23. desember |
Ingeborg Schjevik inviterer venninna Gunlaug Dundas med i selskap i Jonsvannsveien 46. Dei andre deltakarane er Karl Dolmen og Henry Rinnan. Dette er starten på eit forhold mellom Rinnan og Gunlaug Dundas. |
|
1945 |
|
|
1. januar |
Finn Hoff skyt seg i parkområdet Småbergan ved Kristiansten festning. |
|
26. februar |
Lola-agenten Trond Kvaale drep ein mann i krangel om ei flaske sprit. |
|
februar/mars |
Solveig Kleve flyttar ut av Jonsvannsveien 46 for å dele ei rekvirert leiligheit i Singsakerbakken 28 med Hans Egeberg. |
|
10. mars |
Henry Rinnan og Gunlaug Dundas reiser til Vuku i Verdal. Han for ei vekes ferie, ho for rekonvalesens etter sjukdom. |
|
11. mars |
Henry Rinnan får ordre om å stille med mannskap til ein stor aksjon i Dombås-regionen. |
|
4. april |
Henry Rinnan er tilbake i Verdal med stort mannskap for å gjennomføre rassia. |
|
april |
Kjærastparet Marie Arentz og Bjørn Bjørnebo planlegg å flykte til Sverige. Ho har vore medlem av Sonderabteilung Lola, han er tidligare Abwehr-agent. Dei får kontakt med motstandsgruppa til Randi Ruø, som gjer avtale med den heimefrontleiaren som ho sjøl lit mest på, Henry Rinnan. |
|
18. april |
Marie Arentz og Bjørn Bjørnebo blir plukka opp i bil av Henry Rinnan og kjørt til Jonsvannsveien 46. Her blir dei halde som fangar i ei veke. |
|
19. april |
Om natta arrangerer Henry Rinnan ei «rettssak» der Bjørn Bjørnebo blir dømt til døden for forræderi. |
|
26. april |
Marie Arentz, Bjørn Bjørnebo og motstandsmannen Dagfinn Frøyland blir likviderte i Jonsvannsveien 46. Lika blir parterte, lagt i kassar og senka i havet på utsida av Fosenhalvøya. |
|
4. mai |
Wehrmacht kapitulerer i Danmark, Nordvest-Tyskland og Nederland. |
|
7. mai |
Tysk kapitulasjon. |
|
|
Om kvelden kjører fire bilar frå Jonsvannsveien 46 med bandemedlemmar og andre. |
|
8. mai |
Klara Rinnan og dei tre ungane blir sette av hos familien til Henry Rinnan på Levanger. Resten av følgjet legg vegen opp gjennom Verdalen. I alt er det 26 personar som legg i veg til fots gjennom Helgådalsfjella. |
|
10. mai |
Gisselet Magnus Caspersen (som tidligare er torturert i Jonsvannsveien 46) greier å stikke av og ta seg fram til folk. |
|
11. mai |
Følgjet deler seg i mindre grupper som etter kvart blir funne av menn frå Heimefronten og norske politisoldatar. |
|
12. mai |
Karl Dolmen og Ingeborg Schjevik blir drepne av ein handgranat under flukt på Inderøya i Nord-Trøndelag. Det er uvisst om det var eit uhell eller sjølmord. |
|
14. mai |
Henry Rinnan, Gunlaug Dundas og fire andre blir tatt ved Flysetra. |
|
15. mai |
Den siste gruppa blir tatt i Skjækerdalen, mellom desse gisselet Ingeborg Holm. |
|
|
|
|
Neste: |
Etterkrigstid. |
|
|
|
|