Medlemmar
Marie Arentz
Marie Kristiane Arentz («Mai») vart fødd i 5.5.1919 i Skaun i Sør-Trøndelag og vart likvidert av Rinnanbanden 26.4.1945. Ho var den den nest yngste av seks søsken. Den fem år yngre søstera Dagny meldte seg også inn i NS, men foreldra og resten av søskenflokken var jøssingar.
I sju månader i 1941 var Marie Arentz tilsett ved fylkeskontoret til Nasjonal Samling på Steinkjer. Her vart ho venninne med Ragnhild Strøm. I mai 1942 reiste desse to med DS Kong Harald til Bergen. Dette var trulig det første agentoppdraget Marie Arentz utførte for Henry Rinnan. For Ragnhild Strøm skulle det bli det siste.
Marie Arentz var agent eit knapt år. For å sleppe unna arbeidet verva ho seg som frontsøster i det tyske Røde Kors. Etter tida på austfronten kom ho tilbake til Trondheim. Her vart ho kjærast med den tidligare Abwehr-agenten Bjørn Bjørnebo. I april 1945 prøvde paret å rømme til Sverige. Bjørnebo fekk kontakt med ei motstandsgruppe som var kontrollert av Henry Rinnan gjennom den negative agenten Randi Ruø. Marie Arentz og Bjørn Bjørnebo vart tatt og frakta til Jonsvannsveien 46. Etter ei vekes tid vart begge drepne, det samme skjedde med fangen Dagfinn Frøyland. Lika vart parterte, lagt i trekassar og senka i havet på utsida av Fosenhalvøya.
Lenker frå denne sida: Abwehr Bergen Bjørn Bjørnebo Dagfinn Frøyland Frontsøster Henry Rinnan Jonsvannsveien 46 Kong Harald Negative agenten Ragnhild Strøm Randi Ruø Steinkjer
|