Ruth Rognes
Ruth Johanne Rognes vart fødd 24.2.1920 i Trondheim og dødde 2.10.1984 i Tyskland.
Den eldste broren, John Rognes, var offiser og ein av pionerane bak grunnlegginga av Milorg. Frå 1941 ein sentral aktør i det norske etterretningsarbeidet i Sverige og England. Ruth Rognes vart kjærast med den fjorten år eldre SS-Obersturmführer Walter
Gemmecke. Frå 1. oktober 1941 var ho kontordame og tolk hos det tyske sikkerheitspolitiet. Ei av oppgåvene var å omsette til tysk rapportane frå medlemmane av Sonderabteilung Lola og andre agentar.
Dom 2 ½ år.
Etter krigen gifta Ruth Rognes seg med Walter Gemmecke og flytta til Tyskland.
Lenker frå denne sida: Milorg Sonderabteilung Lola Walter
Gemmecke
|