Medlemmar
Ruth L.
Ruth L. vart fødd i Strinda i 1922 og dødde i 2000.
I tenåra var Ruth L. aktiv i det radikale Sentrum AUL. Våren 1940 vart ho tilsett som seljar i eit trondheimsfirma der Olaus
Salberg Hamrum også arbeidde. I oktober var ho med da han starta firmaet Trøndersalg, men slutta etter kort tid. Gjennom dei neste par åra kom ho på ulike arbeidsplassar i kontakt med tyskarar og hadde forhold til minst to.
20. oktober 1943 vart ho arrestert under det tyskarane kalla «den tredje kommunistsaka». Bakgrunnen frå det radikale ungdomsmiljøet gjorde at Gestapo trudde at Ruth L. var sentral i leiinga for den kommunistiske motstandsrørsla. Ho arbeidde da i Oslo, men vart frakta til Trondheim.
Etter eit opphald på Falstad, vart Ruth L. i mars 1944 sleppt fri mot å arbeide for Henry Rinnan som agent. I løpet av to månader skaffa ho litt informasjon om motstandsarbeidet i regionen, før ho i mai rømte til Sverige. Her kom kontakten med Rinnan for dagen, og Ruth L. vart internert.
Knut Løfsnes kjente Ruth L. frå AUL, og møtte henne igjen i Stockholm der han arbeidde i den norske etterretningstenesta. I boka «Motstandsmann og politiker» (1991) har han ei framstilling av historia til Ruth L. som på fleire punkt ikkje stemmer med kjeldene frå 1940-talet. Mellom anna meiner han at ho reiste til Sverige på oppdrag frå Henry Rinnan og Walter Gemmecke, og skriv at ho vart dømt til fleire års fengsel. Det første er svært lite sannsynlig, det andre er direkte feil.
I landssvikoppgjeret fekk ho ein dom på 8 månader. Ruth L. hadde varsla dei illegale kontaktane sine om at dei var under oppsyn av Henry Rinnan, men hadde også tatt imot og brukt pengar som ho visste stamma frå det tyske sikkerheitspolitiet. Dette plasserte henne i gruppa av betalte agentar, men dommen er ein av dei mildaste som vart gitt.
Lenker frå denne sida: AUL Den tredje kommunistsaka Henry Rinnan Knut Løfsnes Olaus
Salberg Hamrum Trøndersalg Walter Gemmecke
|