Sonderabteilung Lola
«Spesialavdeling Lola» var namnet som den tyske sikkerheitstenesta gav Rinnanbanden. «Lola» var dekknamnet til Henry Rinnan i den tida han arbeidde som frittståande agent for Sicherheitsdienst. (1)
Organisasjonen vart etablert i februar-mars 1942. Den første basen var Brattørgata 12 b i Trondheim, etter kort tid supplert med Fjordgata 19 som låg like ved.
Dei første medlemmane var to av agentane frå ein aksjon mot flyktningtrafikken frå Ålesund i februar 1942, Ingvar Aalberg og Ragnhild Strøm. I mars 1942 vart også Hans Berg Svendsen og Inga Lerfald verva.
Note
1) Det er ein utbreidd myte at agentnamnet Lola vart vald med utgangspunkt i kjælenamnet til elskarinna til Gestapo-offiseren Walter Gemmecke. Ruth Rognes vart kalla Lu, med tysk uttale Lo, men ho begynte ikkje å arbeide for Sicherheitsdienst før 1.10.1941. Det var Gemmecke som skaffa henne jobben, men dei møttest neppe så tidlig som i 1940. Rinnan vart ikkje underlagt Gemmecke før i 1942.
Lenker frå denne sida: Brattørgata 12 b Fjordgata 19 Hans Berg Svendsen Henry Rinnan Inga Lerfald Ingvar Aalberg Ragnhild Strøm Ruth Rognes Sicherheitsdienst Sicherheitsdienst Walter Gemmecke Ålesund
|