Arne Eldøen
Kitty Grande
Per Asbjørn Erstad
Arne Aagren
Inga Lerfald

Harry Hofstad
Ingrid Eldøen
Gunlaug Dundas
Trond Kvaale
Johannes Karlsen
Olaus Salberg Hamrum
Morten Mortensen
Odd Ivan Bjerkan
Henry Rinnan

Sigurd Rivrud

Bjarne Jenshus
Dyre Wisløff Halse
Henry Skjelstad
Karl Dolmen
Odd Urstrømmen
Ivar Grande
Karin Dillner Olsson
Rolf Rinnan
Hans Egeberg
Aksel Mære

Birger Olsen
Ole Rygh
Kristian Randahl
Gisle Rinnan
Martin Haugan

Rolf Sevaldsen
Ruth Rognes
Egil Sivertsen
Harry Rønning
Ingeborg Schjevik

Solveig Kleve

Svein Syvertsen
Ragnhild Strøm
Hans Berg Svendsen
Ingebrigt Østness
Olga Marie Sørensen
Per Bergeen
Per Wiik
Osvald Lyngstad
Alf Nilsen Aune
Kåre Martinsen
Ingvar Aalberg
Harald Grøtte

Rinnanbanden

Medlemmar
• Kvinnene
• Dødsdommar
Andre aktørar
Geografi
Historie
Dommen

Kjelder

«Hvad enhver
NS-mann bør vite»


Ansvarlig for sida:
Idar Lind



Medlemmar

Bjarne Jenshus

Bjarne Konrad Jenshus vart fødd i Beitstad i Nord-Trøndelag 7.5.1907 og vart avretta på Kristiansten festning i Trondheim 12.7.1947.

Jenshus hamna på den nasjonalsosialistiske sida allereie i 1936, men var medlem av Høyre heilt til alle andre parti enn Nasjonal Samling vart forbode 25. september 1940. To veker seinare meldte han seg inn i NS, i selskap med store delar av det høgare sjiktet i heimkommunen Beitstad. I januar 1941 gjekk han frivillig inn den halvmilitære partiorganisasjonen Hirden og var heilt fram til den tyske kapitulasjonen ein aktiv NS-medlem.

Bjarne Jenshus hadde bak seg eit par kortare periodar som redaktør og forretningsførar i lokalpressa. Også i okkupasjonstida skreiv han artiklar og dikt i avisene. Etter at faren dødde, overtok han ansvaret for drifta av gartneriet til familien. Han slutta med dette eit halvår før han i oktober 1941 fekk arbeid hos ein norsk entreprenør som var med på å bygge ut militærleiren Steinkjersannan for tyskarane.

I januar 1942 vart han verva av Henry Rinnan på Dahls kafé til å vera med på ein aksjon mot flyktningtrafikken frå Sunnmøre til England. Saman med Ingvar Aalberg infiltrerte han ei gruppe flyktningar i Ålesund, mens Ragnhild Strøm fungerte som kurer. 52 personar vart arresterte, 22 av desse dødde i fangenskap.

Etter aksjonen i Ålesund fekk Jenshus og Aalberg tilbod om 700 kroner kvar som vederlag for innsatsen, noko som den gongen var ei god månadslønn. Bjarne Jenshus forlangte 2000 fordi oppdraget hadde vore ei nokså sterk nervepåkjenning, men måtte nøye seg med det same som kollegaen. Allereie i Ålesund hadde det utvikla seg konfliktar mellom Rinnan og den kroniske kverulanten Jenshus. No hadde ingen av dei to interesse av å fortsette samarbeidet.

Fram til kapitulasjonen var Bjarne Jenshus ein aktiv medlem av NS og av Hirden, i periodar hadde han også lønna arbeid knytt til ulike partiorganisasjonar. I tre månader var han konstabel i Statspolitiet, men vart oppsagt. Han gjorde også eit mislykka forsøk på å bygge opp sin eigen etterretningsorganisasjon, ikkje ulik den Rinnan dreiv. Ved fleire høve meldte Jenshus personar til politiet for lovbrot som radiolytting, demonstrativ oppførsel på kino, å gå med norsk flagg på jakkeslaget og for trakassering av nazistar. Eitt av desse tilfella gjaldt ei kvinne som skal ha spreidd eit rykte om smittsam sjukdom på Dahls kafé.

I september 1946 fekk Bjarne Jenshus dødsdom for landssvik. Innsatsen som agent for okkupantane hadde vara kort tid, men for lagmannsretten var Ålesund-saka det avgjerande.

I rettssalen: Ingvar Aalberg (2) og Bjarne Jenshus (3).


Lenker frå denne sida:

Henry Rinnan
Ingvar Aalberg
Nasjonal Samling
Ragnhild Strøm
Ålesund
 
 
Foto frå rettssaka: Brukt med løyve frå Trøndelag Folkemuseum, Schrødersamlingen ©.
Portrettfoto (med få unntak): Landssvikarkivet, Trondheim Politikammer.
Harald Grøtte
Ingvar Aalberg
Kåre Martinsen
Alf Nilsen Aune
Osvald Lyngstad
Per Wiik
Per Bergeen
Olga Marie Sørensen
Ingebrigt Østness
Hans Berg Svendsen
Ragnhild Strøm
Svein Syvertsen

Solveig Kleve

Ingeborg Schjevik
Harry Rønning
Egil Sivertsen
Ruth Rognes
Rolf Sevaldsen

Martin Haugan
Gisle Rinnan
Kristian Randahl
Ole Rygh
Birger Olsen

Aksel Mære
Hans Egeberg
Rolf Rinnan
Karin Dillner Olsson
Ivar Grande
Odd Urstrømmen
Karl Dolmen
Henry Skjelstad
Dyre Wisløff Halse
Bjarne Jenshus

Sigurd Rivrud

Henry Rinnan
Odd Ivan Bjerkan
Morten Mortensen
Olaus Salberg Hamrum
Johannes Karlsen
Trond Kvaale
Gunlaug Dundas
Ingrid Eldøen
Harry Hofstad

Inga Lerfald
Arne Aagren
Per Asbjørn Erstad
Kitty Grande
Arne Eldøen
1: Henry Rinnan 2: Ingvar Aalberg 3: Bjarne Jenshus 4: Ragnhild Strøm 5: Aksel Mære 6: Kitty Grande 7: Inga Lerfald 11: Harry Rønning 12: Olaus Salberg Hamrum 13: Karin Dillner Olsson 14: Odd Urstrømmen 15: Osvald Lyngstad 16: Per Wiik 17: Birger Olsen 20: Solveig Kleve 21: Alf Nilsen Aune 22=Kåre Martinsen 23:Kristian Randal 24: Harald Grøtte 25: Trond Kvaale 26: Rolf Sevaldsen 27: Odd Ivan Bjerkan 28: Per Asbjørn Erstad