Medlemmar
Arild Hjulstad Østby
Fødd i Trondheim 23.9.1917, avretta av tyskarane ca. 9.9.1943.
I 1935 gjorde Arild Hjulstad Østby eit mislykka forsøk på å
valdta ein nittenåring etter å ha slått til henne med ein hammar. I 1938 fekk han seksti dagars fengsel etter eit nytt valdtektsforsøk mot ein femtenåring. I september 1942 vart han arrestert etter eit overfall mot ei sytten år gammal jente, men vart sett fri etter påtrykk frå det tyske sikkerheitspolitiet, som han no arbeidde for.
Arild Hjulstad Østby vart verva av Henry Rinnan tidlig på sommaren 1942, og vart ein av dei viktigaste agentane. I desember 1942 var han med på å likvidere bandemedlemmane Marino Nilsson og Bjarne Kristensen. Arild Hjulstad Østby vart også ein av dei aktive torturistane.
22. august 1943 drap han tjueto år gamle Ruth Haarstad i Bymarka i Trondheim, i det same området der dei tidligare overfalla hadde skjedd. Etterpå forgreip han seg seksuelt på den døde. Den norske politiet arresterte Arild Hjulstad Østby, men saka vart overtatt av dei tyske arbeidsgivarane hans. 9. september sto meldinga i avisene: Ein tysk SS- og politidomstol hadde dømt mannen til døden for valdtekt, drap og for å ha våpen ulovlig. Han vart også dømt for overfallet året før. Dommen var allereie fullbyrda.
Lenker frå denne sida: Bjarne Kristensen Henry Rinnan Marino Nilsson
|