Rinnanbanden
Medlemmar
Andre aktørar
Geografi
• Trondheim • Nord-Trøndelag
Historie
Dommen
Kjelder
«Hvad enhver NS-mann bør vite»
Ansvarlig for sida: Idar Lind
|
Steinkjer: Dahls kafé
Kafeen var i ei brakke som vart reist etter bombinga av Steinkjer 21. april 1940. I den eine enden dreiv ektemannen til kafévertinna frisørsalong. Mindre tyskvennlige element prøvde å sabotere drifta gjennom å spreie rykte om smittsam sjukdom på kafeen, men lokalet vart ein populær møtestad for medlemmar av Nasjonal Samling.
Ein kveld midt i januar 1942 arrangerte NS juletrefest i Dahls kafé. Her verva Henry Rinnan dei to første agentane sine, Ingvar Aalberg og Bjarne Jenshus. Den kvelden møtte han også Ragnhild Strøm som skulle bli den første kvinnelige medlemmen av Sonderabteilung Lola.
Lenker frå denne sida: Bjarne Jenshus Henry Rinnan Ingvar Aalberg Nasjonal Samling Ragnhild Strøm Sonderabteilung Lola
|