Medlemmar
Olga Marie Sørensen
Fødd i Orkdal 28.10.1898 (1). Ho gifta seg tjue år gammal og fekk einebarnet Kitty, seinare mest kjent som Kitty Grande. Hausten 1941 vart Olga Sørensen skild og overtok huset til ekteparet i Innherredsveien 125. Her tok ho inn Ivar Grande som leigebuar. Han var også nyskild, på grunn av eit forhold til dottera til den nye hybelvertinna.
Frå oktober 1942 til mars 1943 brukte Henry Rinnan Innherredsveien 125 når han skulle ha møte med negative agentar. Olga Sørensen skal ikkje ha fått lønn for dette og det er uvisst kor mykje ho i utgangspunktet forsto av det som gjekk føre seg. Ho hevda sjøl at ho ikkje vart klar over kontakten til Gestapo før i slutten av november 1942.
I landssvikoppgjeret fekk Olga Sørensen ein dom på 3 ½ år.
Note
1) Dødstidspunktet er ikkje kjent.
Lenker frå denne sida: Henry Rinnan Innherredsveien 125 Ivar Grande Kitty Grande Negative agentar
|