Ingebrigt Østness
Ruth Rognes
Arne Aagren

Morten Mortensen

Ingeborg Schjevik
Dyre Wisløff Halse
Harry Rønning
Gunlaug Dundas

Ole Rygh
Henry Rinnan
Harry Hofstad
Kristian Randahl
Arne Eldøen
Sigurd Rivrud
Solveig Kleve
Per Wiik
Johannes Karlsen
Kåre Martinsen
Trond Kvaale
Svein Syvertsen
Ragnhild Strøm
Harald Grøtte
Martin Haugan
Birger Olsen
Aksel Mære

Ingrid Eldøen
Karin Dillner Olsson
Olaus Salberg Hamrum
Hans Berg Svendsen
Hans Egeberg
Rolf Rinnan
Per Bergeen
Gisle Rinnan

Bjarne Jenshus
Per Asbjørn Erstad
Rolf Sevaldsen
Egil Sivertsen
Henry Skjelstad


Karl Dolmen
Inga Lerfald
Olga Marie Sørensen
Odd Urstrømmen
Ivar Grande
Osvald Lyngstad
Kitty Grande
Odd Ivan Bjerkan
Ingvar Aalberg
Alf Nilsen Aune

Rinnanbanden

Medlemmar
Andre aktørar
Geografi
• Trondheim
  • Landstads vei 1
  • Brattørgata 12 b
  • Fjordgata 19
  • E. Skakkes g. 52
  • Prinsens gate 16
  • Innherredsv. 125
  • Gamle Åsvei 48
  • Prinsens gate 37
  • Olav Tryggv. g. 1
  • Jonsvannsv. 46
    • Utvendig
    • Første etasje
    • Kjellaren
• Nord-Trøndelag
Historie
Dommen

Kjelder

«Hvad enhver
NS-mann bør vite»


Ansvarlig for sida:
Idar Lind



Trondheim: Jonsvannsveien 46, første etasje.

Illustrasjonen under var ein del av saksdokumenta under rettssaka.

Bruken av dei ulike romma hadde endra seg da denne skissa vart laga.

I.
Da Sonderabteilung Lola tok i bruk Jonsvannsveien 46 som hovudkvarter i slutten av september 1943, flytta Solveig Kleve inn i det som hadde vore spisestua i huset til Ralph Tambs Lyche og familien hans. Døra inn til peisestua vart kledd igjen, men berre med ein uisolert lettvegg.

Ved månadsskiftet februar-mars flytta Solveig Kleve ut av huset. Henry Rinnan sjøl fekk da kontor i rommet og døra vart igjen opna.

II.
Peisestua fungerte som kontoret til Henry Rinnan det meste av tida. Det var gjerne her forhør starta, ofte med lettare mishandling før offeret vart frakta ned i kjellaren til meir brutal tortur.

Etter at Rinnan tok over spisestua, vart peisestua «forværelset» som vart delt av Solveig Kleve og nestkommanderande Karl Dolmen. Ivar Grande hadde kontorplass her den siste tida før han i august-september 1944 vart sparka frå jobben som nestkommanderande, men i utgangspunktet helsdt han til i rom V.

Det parodiske «rettsmøtet» som gav Bjørn Bjørnebo dødsdom, vart halde i peisestua.

III.
Frå entreen gjekk trappa opp til andre etasje, der det stort sett berre var loftsbuer. Unntaket var eit lite, sørvendt rom med skråtak. Brorparten av det første året var dette basen til telegrafisten Osvald Lyngstad som i periodar også budde i huset. Det er usikkert kva tid radiosendaren vart flytta ned i første etasje, men det var gjennomført i september 1944. Da hadde Rinnan eit møte med Randi Ruø i loftsrommet.

IV.
Kvar morgon møtte dei tilsette i Sonderabteilung Lola opp i vaktrommet for å få beskjed om dagens arbeidsoppgåver.

V.
I førstninga hadde Ivar Grande kontor i det som seinare vart telegrafrom.

VI.
I slutten av september 1943 flytta den snart åtte år gamle Anne-Marie Kleve inn i «pikeværelset» (hushjelpkammerset) i Jonsvannsveien 46. Mora Solveig (som var kontordame for Rinnan) budde i det som hadde vore spisestua (rom I). I luftline var det ikkje stort meir enn tre meter til kjellarrommet der den verste torturen vart gjennomført. Anne-Marie budde i huset i litt meir enn eitt år.

VII.
I den vesle gangen mellom pikeværelset og kjøkkenet var det ei bakdør og ei dør til kjellartrappa.

VIII.
Kjøkkenet vart brukt privat av Solveig Kleve som hadde husleiga inkludert i lønna si, men ikkje kosten. Det hendte at ho laga mat til Rinnan når han var i huset, men dei tilsette hadde med seg matpakke og fekk vanligvis ikkje mat i huset. Fangane var sjelden så lenge i huset at det var aktuelt med måltider, men det hendte at Solveig Kleve stakk til dei noko av sitt eige.


 
 
Foto frå rettssaka: Brukt med løyve frå Trøndelag Folkemuseum, Schrødersamlingen ©.
Portrettfoto (med få unntak): Landssvikarkivet, Trondheim Politikammer.
Alf Nilsen Aune
Ingvar Aalberg
Odd Ivan Bjerkan
Kitty Grande
Osvald Lyngstad
Ivar Grande
Odd Urstrømmen
Olga Marie Sørensen
Inga Lerfald
Karl Dolmen


Henry Skjelstad
Egil Sivertsen
Rolf Sevaldsen
Per Asbjørn Erstad
Bjarne Jenshus

Gisle Rinnan
Per Bergeen
Rolf Rinnan
Hans Egeberg
Hans Berg Svendsen
Olaus Salberg Hamrum
Karin Dillner Olsson
Ingrid Eldøen

Aksel Mære
Birger Olsen
Martin Haugan
Harald Grøtte
Ragnhild Strøm
Svein Syvertsen
Trond Kvaale
Kåre Martinsen
Johannes Karlsen
Per Wiik
Solveig Kleve
Sigurd Rivrud
Arne Eldøen
Kristian Randahl
Harry Hofstad
Henry Rinnan
Ole Rygh

Gunlaug Dundas
Harry Rønning
Dyre Wisløff Halse
Ingeborg Schjevik

Morten Mortensen

Arne Aagren
Ruth Rognes
Ingebrigt Østness
1: Henry Rinnan 2: Ingvar Aalberg 3: Bjarne Jenshus 4: Ragnhild Strøm 5: Aksel Mære 6: Kitty Grande 7: Inga Lerfald 11: Harry Rønning 12: Olaus Salberg Hamrum 13: Karin Dillner Olsson 14: Odd Urstrømmen 15: Osvald Lyngstad 16: Per Wiik 17: Birger Olsen 20: Solveig Kleve 21: Alf Nilsen Aune 22=Kåre Martinsen 23:Kristian Randal 24: Harald Grøtte 25: Trond Kvaale 26: Rolf Sevaldsen 27: Odd Ivan Bjerkan 28: Per Asbjørn Erstad